DIMO AS har signert ein partnarskapsavtale med Danfoss for å styrke satsinga på frekvensomformarar og tekniske løysingar til kundar innan marine, offshore og akvakultur.
Avtalen markerer eit viktig steg i arbeidet med å levere endå betre support, høgare kompetanse og framtidsretta løysingar til den norske marknaden. Gjennom samarbeidet skal DIMO og Danfoss tilby kundane tettare oppfølging, teknisk rådgiving og tilgang til marknadsleiande teknologi.
Større tilgjengelegheit og raskare levering
Som partner for Danfoss tilbyr DIMO eit breitt lagerført sortiment av frekvensomformarar og tilhøyrande produkt. Dette gir kundane kortare leveringstider og god tilgong på komponentar til både nye og eksisterande prosjekt.
Målet med samarbeidet er å bidra til auka driftssikkerheit, energieffektivitet og løysingar som møter dei stadig høgare krava i marine-, offshore- og akvakulturnæringa.
Kristoffer Hansen i sentral rolle
Som ein del av det styrka samarbeidet mellom DIMO og Danfoss går Kristoffer Hansen inn i rolla som salgsingeniør for Danfoss Drives.
Kristoffer har gjennom fleire år arbeidd som både serviceingeniør og automasjonsingeniør i DIMO. Med solid teknisk kompetanse og brei erfaring frå feltet har han opparbeidd seg god forståing for kundane sine behov og utfordringar.
I den nye rolla blir han ein sentral kontaktperson for Danfoss sine frekvensomformarar og løysingar i den norske marknaden.
Kristoffer Hansen, Salgsingeniør for Danfoss Drives.
Foto: Camilla Nanseth
Eit langsiktig samarbeid
DIMO og Danfoss deler eit mål om å skape verdi gjennom kompetanse, kvalitet og tett kundedialog. Gjennom partnerskapet skal selskapa samarbeide om å utvikle og levere løysingar som møter framtidige behov innan norske industri- og marinenæringar.
DIMO ser fram til å styrke kompetansen ytterlegare gjennom eit tett og langsiktig samarbeid med Danfoss, og til å skape verdi for kundane med dei beste løysingane for sine prosjekt i åra som kjem.
Kontakt oss
Ønskjer du meir informasjon om Danfoss sine frekvensomformarar, rådgiving i planleggingsfasen eller eit konkurransedyktig tilbod til ditt prosjekt?
Kristoffer Hansen, Salgsingeniør Danfoss Drives
kristoffer.hansen@dimo.no
+47 970 97 157
DIMO AS
office@dimo.no
+47 700 39 900