Full drift på sylinderbenken i servicehallen
DIMO har oppgradert verktøyet i servicehallen på Hareid og har no full drift på sylinderbenken for store hydrauliske sylindrar. For kundane betyr det betre kapasitet, tryggare handtering og meir kontrollert overhaling av store hydrauliske sylindrar - lokalt på Hareid.
IT Infinity: Frå Platform Supply Vessel til Cable Laying Vessel
I løpet av 2024 vart IT Infinity bygd om ved VARD Brattvåg frå eit eldre Platform Supply Vessel (PSV) til eit spesialisert Cable Laying Vessel (CLV). DIMO si rolle i prosjektet var å overhale og oppgradere dekksutstyr som hadde vore lagra på land i 20 år, og setje det tilbake i full drift på kort tid.
HS.MARINE AK25/14 HE4
HS.MARINE AK25/14 HE4 er ei kraftig og driftssikker marinekran, bygd for krevande forhold. Med solid konstruksjon og kvalitetskomponentar sikrar ho stabil og påliteleg drift i alle kranposisjonar.
Monteringspartner for framtidas ladesystem
DIMO AS har signert avtale med Norwegian Ocean Space Technology (NOSTEC), og blir no monteringspartner for EZconnect™, ei innovativ og permanent ladeløysing som sikrar påliteleg og effektiv lading av autonome og elektriske fartøy.
Dimo Clean Offshore EX/ATEX
DIMO Clean Offshore er ein hydraulisk EX/ATEX-godkjend høgtrykksreinsar, utvikla for påliteleg drift og fleksibilitet i krevjande miljø.
DIMO leverer komplett hydraulisk system med automasjon
Vi er glade for å kunngjere at vi har sikra ein kontrakt for levering av det komplette hydrauliske systemet med automasjon til fire hybrid batteriferjer, bygde ved Havyard Leirvik for Norled.
DIMO utstyrer ny æra innan ferjetransport
Det starta i ferjemarknaden. For å møte miljømessige og økonomiske krav måtte vi tenkje nytt. I dag er DIMO EPU i drift på fleire ferjer, brønnbåtar, trålarar og servicefartøy innan oppdrettsnæringa.
EPU-en gir energisparing, lågare totalkostnader og redusert støy i alle segment.
Registrert i Magnet JQS
Å vere registrert i Magnet JQS betyr at DIMO er godkjent som ein kvalifisert og samsvarsoppfylt leverandør i energisektoren.
Magnet JQS er ein database utvikla for innkjøpsorganisasjonar, der dei kan søkje etter, vurdere og velje kvalifiserte leverandørar i energibransjen.
Electric Power Cleaner
Vi introduserer eit nytt tilskot i serien vår av høgtrykksvaskarar: Electric Power Cleaner (EPC). Dette er ei elektrisk, frekvensstyrt eining utvikla for effektiv drift og lågare energiforbruk.
Med intelligent styring tilpassar EPC ytelsen etter behovet i arbeidet som blir utført.
Lineboring ved DIMO Service Center
Ved behov for vedlikehald og overhaling av krankolonnar tilbyr DIMO komplette serviceleveransar. Frå demontering til ferdig oppgradert komponent.
Arbeidet kan mellom anna omfatte line boring og gjennomgang av gir, utført ved vårt serviceanlegg.