Kven er DIMO?
-
I DIMO AS er målet vårt å levere hydrauliske løysingar og tenester som er tilpassa behova til kundane våre, og som skaper verdi gjennom kvalitet, kompetanse og innovasjon.
Vi forpliktar oss til å oppfylle avtalte og spesifiserte krav til rett tid og avtalt pris, samstundes som vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle leiings- og kvalitetssystema våre.
Målet vårt er å vere førstevalet i dei maritime marknadene ved å tilby pålitelege, berekraftige og kostnadseffektive løysingar som tek vare på menneske, miljø og tryggleik.
-
DIMO utviklar og leverer hydrauliske og elektromekaniske system tilpassa kunden sine behov og driftskrav. Vi leverer løysingar til fiskeri, havbruk, ferger, offshore og annan maritim og landbasert industri.
Vår styrke ligg i å forstå utfordringane kundane møter, velge rett løysing og levere kvalitet i alle ledd.
-
Frå idé og engineering til produksjon, installasjon, service og oppfølging, vi leverer komplette løysingar frå A til Å.
-
DIMO er lokalisert i hjartet av det maritime klyngemiljøet på Sunnmøre. På Hareid finn du hovudkontor, produksjon, lager og servicesenter, medan Parker Store og slangeproduksjonen vår er lokalisert i Breivika. Nærleiken til kundar, leverandørar og den maritime industrien gir korte avstandar, tett samarbeid og raske leveransar.
-
I våre fasilitetar på Hareid bygger, monterer, testar og kvalitetssikrar vi hydrauliske og elektromekaniske system før levering. Service- og lageranlegget vårt er dimensjonert for effektiv handtering av både enkeltkomponentar og større, komplekse system.
Servicesenteret vårt er fullt utstyrt for vedlikehald, reparasjon og overhaling av hydraulisk utstyr, inkludert dekkkranar, vinsjar, sylindrar, akkumulatorar, pumper og motorar. Vi utfører arbeid både i verkstad og ute hos kunde, og kombinerer moderne fasilitetar med solid fagkompetanse for å sikre påliteleg drift gjennom heile utstyret si levetid.
Kapasitet i servicehallen
1 600 m² service- og lagerareal
Kran Kapasitet: 2x20 tonn, 2x10 tonn, 2x1 tonn
1 600 Amp straumtilførsel for testing
Spesialisert testeining for pumper og motorer
-
I tillegg til å vere ein komplett leverandør av hydraulikk, tilbyr vi kundane våre eit utvida utval av komponentar og utstyr. Produkta våre er nøkkelkomponentar både for nybygg og for fartøy i drift.
Styrken vår ligg i evna til å løyse problem, velje rette system og komponentar, samt halde eit skreddarsydd varelager som sikrar rask levering.
-
Vi tilbyr eit breitt utval av hydrauliske komponentar, reservedelar og komplementære produkt for maritim, offshore og landbasert industri. Gjennom eit godt dimensjonert lager og tett samarbeid med leiande leverandørar kan vi sikre høg tilgjengelegheit, raske leveransar og tilgang til rett komponent når behovet oppstår.
-
DIMO er sertifisert Parker-distributør og tilbyr eit breitt utval av slangar, koplingar og hydrauliske komponentar frå ein av bransjen sine leiande leverandørar. Gjennom vår Parker Store og slangeproduksjon i Breivika og på Hareid leverer vi skreddarsydde løysingar, rask service og tilgang til kvalitetsprodukt når kundane treng det. Med fullt utstyrte verkstader utfører vi produksjon, montering og Parker HoseDoctor-tenester for eit breitt spekter av hydrauliske applikasjonar.
Bærekraft og ansvar
-

OPENHEITSLOVA
-

ETISKE RETNINGSLINJER
-

SERTIFIKAT - ISO 9001