Monteringspartner for framtidas ladesystem

DIMO har avtale med Norwegian Ocean Space Technology (NOSTEC), og er monteringspartner for EZconnect™, ei innovativ og permanent ladeløysing som sikrar påliteleg og effektiv lading av autonome og elektriske fartøy.

Vi er stolte av å vere med som monteringspartner.

At vi lokalt kan vere med å utvikle og sette i drift framtidas ladeløysingar for sjøfarten, er både spanande og viktig for den grøne omstillinga.

Prototype

Etter vellukka belastningstest ved Ulstein Verft vart prosjektet klart til neste fase, der ein fullt operativ prototype vart samanstilt i produksjonslokala til Dimo på Hareid, februar 2025. I løpet av første halvår i 2025 vart prototypen testa om bord i Yara Birkeland.

Strenge krav

EZconnect™-systemet er utvikla i tett samarbeid med Yara og tilpassa Yara Birkeland – verdas første autonome, fullelektriske konteinarskip. Pilotprosjektet er støtta av Innovasjon Norge.
Yara Birkeland stiller strenge krav til autonome operasjonar og fungerer som ein svært viktig pilotkunde og samarbeidspartner.

Dei spelar derfor ei nøkkelrolle i å forme EZconnect™-systemet for å møte desse krava.

Grøn omstilling og innovativ ladeteknologi

EZconnect™ er basert på ei såkalla «pin-to-pin»-tilkopling for meir effektiv tilkopling. Handteringsløysinga gjer det mogleg for ladestasjonen å kople seg til skipet utan behov for manuell handtering.

Systemet er robust, skalerbart og tilpassa fullelektriske og hybride fartøy. Løysinga opnar for sanntidsdiagnostikk og prediktivt vedlikehald. Slik vert det enklare å optimalisere drifta, halde kostnadene nede og sikre at skipet alltid er ladeklart for neste reise.

Forrige
Forrige

HS.MARINE AK25/14 HE4

Neste
Neste

Dimo Clean Offshore EX/ATEX