Eco Power Unit
Innovative løysingar
Utvikla for å møte morgondagens krav
Det heile starta i ferjemarknaden. For å møte miljømessige og økonomiske krav måtte vi tenkje nytt. Resultatet vart DIMO EPU – ei løysing som i dag er i drift på fleire ferjer, brønnbåtar, trålarar og servicefartøy i havbruksnæringa.
DIMO EPU gir energisparing, lågare totale driftskostnader og redusert støy i alle segment.
-
Sammenlignet med en konvensjonell HPU viser EPU-loggene betydelige energibesparelser i flere segmenter.
EPU-en har færre komponenter og bevegelige deler, noe som gir høyere driftssikkerhet og reduserte vedlikeholdskostnader.
-
100 gonger mindre støy.
EPU-en gir eit stillare og meir behageleg arbeidsmiljø, og reduserer risikoen for høyrselsskadar.
Til samanlikning svarar 70 dB til lyden frå ein støvsugar eller hårfønar, medan 90 dB svarar til lyden frå ein plenklippar eller motorsag. Skilnaden frå 90 dB til 70 dB utgjer ein vesentleg reduksjon i støynivået.
-
90 % lågare energiforbruk
DIMO Eco Power Unit er i drift på over 30 ferjer. Hovudoppgåva er å betene ferjelem og landgang.
Samanlikna med ein konvensjonell HPU viser loggdata at energiforbruket kan vere opptil 90 % lågare med EPU-en. Dette gir både reduserte driftskostnader og eit lågare miljøavtrykk.
-
DIMO EPU-loggekofferten er eit verktøy for optimalisering av hydrauliske system. Ved å logge arbeidssyklusen til den eksisterande HPU-en din kan han berekne og simulere det same arbeidet utført med DIMO Eco Power Unit.
Loggekofferten måler kvar motor og belastninga deira, og samanliknar desse dataa med simulerte verdiar for ein EPU. Slik kan han estimere tapa i dagens system og vise korleis ei EPU-løysing vil yte under same driftsforhold.
Målingane gir ei detaljert analyse av HPU-en si yting. Dette gir eit godt grunnlag for å berekne potensielle besparingar ved overgang til DIMO EPU – inkludert estimert nedbetalingstid for investeringa.
Vi har samla driftsdata frå fire ulike maritime segment
Offshorefartøy, ferjer, trålarar og brønnbåtar. Målingane gir verdifull innsikt i energiforbruk, belastningsmønster og driftstid, og dannar grunnlaget for å berekne gevinstane ved overgang frå konvensjonelle hydraulikksystem til DIMO Eco Power Unit.
Sjå EPU-en i drift
Vi har gjennomført målingar i fleire maritime segment for å samle data og dokumentere den positive effekten på energiforbruk, driftsøkonomi og arbeidstid.
For å vise fordelane med DIMO Eco Power Unit i praksis har vi etablert ein eigen EPU-stand i produksjonslokala våre på Hareid. Her får besøkande oppleve den raske responstida, det intuitive kontrollpanelet og den låge støyen frå EPU-en. Samtidig kan dei samanlikne støynivået med ei konvensjonell HPU og sjå skilnaden med eigne auge og øyre.
Sjå kva du kan spare - book eit møte
Få ein gjennomgang av resultata og sjå korleis DIMO Eco Power Unit kan redusere energiforbruk, driftskostnader og støy i ditt fartøy.