Hydraulic Power Unit
Ingeniørarbeid, design og produksjon
Hydraulic Power Units
DIMO utviklar og produserer skreddarsydde hydraulikksystem for maritime og offshore applikasjonar. Kvart HPU-system blir konstruert og tilpassa for å møte kunden sine spesifikke behov, krav og driftsforhold.
Med solid erfaring innan ingeniørarbeid, design og produksjon leverer vi driftssikre løysingar med fokus på ytelse, kvalitet og effektiv integrasjon. Frå idé og konstruksjon til ferdig levert system tek vi ansvar for heile prosessen.
-
Kvart prosjekt startar med grundig planlegging og ingeniørarbeid. Våre ingeniørar gjennomfører nødvendige analysar og undersøkingar for å utvikle ei skreddarsydd løysing som møter dei spesifikke behova i prosjektet.
Vi samarbeider tett med kundane våre gjennom heile prosessen for å sikre at løysinga oppfyller alle tekniske krav, driftsforhold og forventningar. Resultatet er eit hydraulikksystem som er tilpassa både applikasjonen og den daglege drifta.
-
HPU-ane våre blir konstruerte ved hovudkontoret vårt og bygde i produksjonshallen på Hareid. Med lang erfaring innan hydraulikk og systemintegrasjon leverer vi løysingar som er tilpassa både tekniske krav og praktiske driftsforhold.
Styrken vår ligg i evna til å løyse komplekse utfordringar, velje rett system og dei rette komponentane for kvar applikasjon. Gjennom eit skreddarsydd varelager kan vi samtidig sikre effektiv produksjon og rask levering.
-
Ved både retrofit og nybygg blir oppstart og idriftsetjing utført av våre serviceingeniørar. Hydraulikksystemet blir grundig testa, justert og kvalitetssikra for å sikre optimal drift frå første dag.
Gjennom systematisk testing og finjustering verifiserer vi at alle funksjonar fungerer som dei skal, og at anlegget oppfyller dei tekniske krava i prosjektet. Dette gir ei trygg overlevering og ein effektiv overgang til ordinær drift.
Høg kraft i kompakt format
Ein HPU omdannar elektrisk eller mekanisk energi til hydraulisk kraft og kan levere svært høge krefter frå ei relativt kompakt eining.
Skreddarsydd for applikasjonen
Kvar HPU kan konfigurerast med ulike pumper, ventilar, tankar og styresystem for å møte spesifikke krav til trykk, flow og funksjonalitet.
Påliteleg drift i krevande miljø
Hydrauliske system er kjende for robustheit og lang levetid, også under tøffe maritime og offshore forhold. Moderne HPU-ar gir nøyaktig kontroll over kraft, hastigheit og rørsle, noko som er avgjerande.