DIMO utstyrer ny æra innan ferjetransport

Vi har gleda av å annonsere at vi har signert kontrakt for levering av hydrauliske system og utstyr til fire nye autonome ferjer for Fjord1. Fartøya skal byggast ved Tersan Shipyard i Tyrkia.
Ferjene skal operere på E39 Lavik–Oppedal, verdas første heile autonome ferjesamband, med oppstart 1. september 2026. Kontrollsenteret vil vere plassert i Florø.

Ny kontrakt

Leveranse frå DIMO AS omfattar:

  • 2 x Eco Power Unit per fartøy

  • Komplette hydrauliske system, inkludert alle komponentar og engineering-teikningar

  • Automatiseringssystem med full autonom styring via Integrated Automation System (IAS), inkludert bro- og dekks­panel

  • 1 x hydraulisk høgtrykksvaskar per fartøy

  • Elektriske varmesystem for førehandsoppvarming av vatn til høgtemperaturvask

DIMO Eco Power Unit

EPU-en gir energisparing, lavare totalkostnader og redusert støy i alle segment.

Ein sentral del av leveransen er den energieffektive og støysvake DIMO Eco Power Unit. Denne er allereie i drift på over 30 ferger, og reduserer energiforbruket med meir enn 90 % samanlikna med tradisjonelle hydrauliske kraftaggregat.

Forrige
Forrige

DIMO leverer komplett hydraulisk system med automasjon

Neste
Neste

Registrert i Magnet JQS