Electric Power Cleaner

Effektiv og miljøvennleg kraft i eitt system

Vi introduserer eit nytt tilskot i serien vår av høgtrykksvaskarar: Electric Power Cleaner (EPC). Dette er ei elektrisk, frekvensstyrt eining utvikla for effektiv drift og lågare energiforbruk.
Med intelligent styring tilpassar EPC ytelsen etter behovet i arbeidet som blir utført.

Hovudfunksjonar

Elektrisk frekvensstyring gjer det mogleg å regulere turtal og effekt etter belastning. Dette inneber at eininga berre brukar den energien som faktisk er nødvendig for oppgåva.

EPC er bygd med færre slitedelar og ein enklare konstruksjon enn tradisjonelle elektriske høgtrykksvaskarar. Det er ein robust konstruksjon i rustfritt stål, som gir ei driftssikker og solid løysing.
Eininga er utstyrt med vasstank i rustfritt stål som sikrar jamn og optimal tilførsel av vatn til pumpene. Dette reduserer slitasje og bidreg til lågare støynivå.
EPC kan nyttast av opptil 6 brukarar samtidig, noko som gir fleksibilitet og effektiv bruk i operasjon.

Spesifikasjonar

  • 1 x vasstank

  • 3 x motorar, 11 kW, 440V

  • 3 x pumper, 30 l/min @ 200 bar

  • 3 x frekvensomformarar med DIMO EHPW-programvare

  • 1 x nivå- og temperaturkontroll

  • 1 x filter

  • 1 x sikringsskap

  • 1 x plug-and-play straumsystem

Forrige
Forrige

Registrert i Magnet JQS

Neste
Neste

Lineboring ved DIMO Service Center