Lineboring ved DIMO Service Center

Lineboring

Ved behov for vedlikehald og overhaling av krankolonnar tilbyr DIMO komplette serviceleveransar. Frå demontering til ferdig oppgradert komponent.
Arbeidet kan mellom anna omfatte line boring og gjennomgang av gir, utført ved vårt serviceanlegg.

Gjenoppretting av dimensjon og stabilitet

Over tid vil både bruk og ytre påverknad føre til slitasje, noko som kan gi slark i bolthola i krankolonnane. Dette kan påverke funksjonen og ytelsen til bom eller kranarm.
Ved å kombinere lineboring med påsveising vert bolthola førte tilbake til opphavlege dimensjonar. Dette sikrar ei presis og stabil tilpassing, der boltane får korrekt feste i komponenten.

Presisjon og nøyaktigheit

Prosessen startar med line boring for å klargjere området for sveising. Under sveisinga vert diameteren i bolthola redusert. Deretter blir det utført ny line boring for å oppnå eksakt samsvar med dei opphavlege måla, utan behov for innforingar.

Gir

Demontering & inspeksjon - Utskifting & overhaling

Som del av vedlikehaldet blir gira demonterte og grundig inspiserte.
Pinjongar blir skifta ut ved betydeleg slitasje på tennene. Svinggir får nye tetningar og lager, og svingkransen blir skifta ut i sin heilskap ved behov.

Vi står klare til å hjelpe

DIMO leverer påliteleg service og overhaling med fokus på kvalitet, presisjon og driftstryggleik. Ta kontakt med oss for ein gjennomgang av dine behov. Vi finn ei løysing som gir utstyret ditt lengre levetid og stabil drift.

Forrige
Forrige

Electric Power Cleaner