DIMO oppnår Parker Gold Partner-status gjennom The Peak Program

DIMO har oppnådd status som Parker Gold Partner gjennom Parker Hannifin sitt distributørprogram, The Peak Program. Dette er ei viktig anerkjenning av det langsiktige samarbeidet mellom DIMO og Parker, og stadfestar vår satsing på kompetanse, kvalitet og tett oppfølging av kundane våre.

Kva er The Peak Program?

The Peak Program er Parker Hannifin sitt europeiske partnarprogram for distributørar. Programmet er utvikla for å styrkje samarbeidet mellom Parker og distributørane, fremje vekst og gi anerkjenning til samarbeidspartnarar som viser sterke resultat og eit tydeleg engasjement for Parker-merkevara.

Programmet er bygd opp rundt tre nivå:

  • Silver Partner

  • Gold Partner

  • Platinum Partner

Kvart nivå har eigne krav og fordelar, der partnarane får tilgang til utvida støtte, ressursar og incentiver i takt med utviklinga si.

Kva betyr Gold Partner-status?

Gold Partner-status blir tildelt distributørar som oppfyller Parker sine krav til omsetning, samtidig som dei aktivt profilerer Parker-merkevara og tek i bruk Parker sine digitale verktøy og løysingar.

For DIMO er dette ei stadfesting på at vi arbeider målretta for å levere kvalitet i alle ledd, frå teknisk rådgiving og produktkunnskap til service og kundestøtte.

Gjennom Gold Partner-statusen får DIMO tilgang til utvida ressursar og støtte frå Parker, inkludert styrkt sals- og applikasjonsstøtte, marknadsføringsinitiativ og auka synlegheit i Parker sine eigne kanalar.

Eit samarbeid som skapar verdi

Som Gold Partner står DIMO sterkare rusta til å hjelpe kundane våre med effektive og framtidsretta løysingar innan hydraulikk, pneumatikk, prosessindustri og annan industriell teknologi.

Statusen er eit resultat av eit langsiktig samarbeid med Parker Hannifin, kombinert med innsatsen til medarbeidarane våre og tilliten vi får frå kundane våre kvar dag.

Takk til kundar og medarbeidarar

Vi er stolte over å vere ein del av Parker sitt Gold Partner-nettverk og ser fram til å vidareutvikle samarbeidet i åra som kjem.

Ei stor takk til alle kundar, samarbeidspartnarar og medarbeidarar som har bidrege til å gjere denne milepålen mogleg. Saman skal vi halde fram med å levere kvalitet, kompetanse og løysingar som skapar verdi for industrien.

Kontakt oss gjerne:

office@dimo.no +47 700 39 900

Neste
Neste

DIMO og Danfoss inngår partnerskap